Beatles møter Stones

Om arrangementet

Velkommen til ei konsertoppleving av dei sjeldne!
To av landets fremste musikkpersonlegdomar har gått saman med Bergen Bonanza for å tolke dei beste låtane frå The Beatles og The Rolling Stones. Tor Endresen og Bård Ose vil saman med Bergen Bonanza sørgje for at publikum får ein uforgløymeleg kveld!

Men dette er meir enn ein konsert: Før konsertstart vil kvelden byrje med ein liten sekvens der Tor og Bård intervjuar kvarandre om oppveksten med britisk popmusikk, og kva betydning Beatles og Stones har hatt for karriera deira.

Tor Endresen er Noregs mest allsidige vokalist. Det finst ikkje ein sjanger han ikkje meistrar. Men skal han velje favorittlåtar med hjartet, blir valet enkelt: The Beatles! I fleire år har Tor Endresen vist at han er Noregs beste tolkar av songane til John Lennon og Paul McCartney. Dessutan er Tor ein solid låtskrivar, med fleire suverene plateutgjevingar bak seg.

Bård Ose er ein av Noregs mest profilerte og anerkjente programleiarar i radio. I tillegg til dei mange programma sine held han føredrag for fulle hus, og han har gjeve ut bøker om alle songane til både The Beatles og The Rolling Stones. I denne samanhengen står han fram som Noregs Mick Jagger, der han syng dei beste Stones-låtane frå 60-talet.

Bergen Bonanza er eit av dei lengstlevande konsertkonsepta i Bergen, som framleis går føre seg på Statsraaden Bar & Reception. I 12 år har konseptet vore ein bauta for musikkmiljøet i Bergen, med stor spennvidde i samarbeidspartnarar og sjangrar. Husbandet har etter alle desse åra blitt eit av dei mest samspelte banda på Vestlandet, og har blitt eit attraktivt backingband for mange artistar og konsept. Husbandet består av Lars Hammersland, Eirik Utne, Ole G. Eikeland, Einar Olsson, og er for høvet forsterka med Morten Endresen.

Foto : Emmaline Sophie Hekneby