Bøndene

Om filmen

Originaltittel: Chlopi

Premiere: 2024-08-30

Varighet: 1t 55min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Polen, Serbia, Litauen

Regissør: DK Welchman, Hugh Welchman

Kva får du når du kombinerer nobelprisvinnande litteratur og over 200 000 arbeidstimar med oljemaling frå over 100 kunstnarar i Polen, Ukraina, Litauen og Serbia? Svaret er den visuelt slåande animasjonsfilmen Bøndene. Filmen er laga av regissørane bak den Oscar- og Golden Globe nominerte Loving Vincent (2017) og er basert på Nobelprisvinnande Wladyslaw Reymont sin roman med same namn.

I ein polsk landsby seint på 1800-talet ønskjer bygdas rikaste bonde, Maciej, å gifte seg med den vakre, unge Jagna. Ho har derimot eit godt auge til Maciej sin son, Antek. Jagna ønskjer å leve livet på sine eigne premissar, noko som skaper misnøye blant befolkninga på landsbygda, der sladder florerer og patriarkalske verdiar står sterkt. Filmen tek oss gjennom fire årstider og Jagna sitt brutale møte med bygdedyret etter kvart som stadig fleire av bygda sine innbyggjarar vender seg i mot ho.