Bygstadrevyen «Da går so da susa!»
Billettar
Om arrangementet
Bygstadrevyen «Da går so da susa!»
Bygstad ungdomslag står bak den årlege Bygstadrevyen som har hatt framsyningar sidan 2005. No tar dei årets revy med seg til Førdehuset!
Revyen har fått namnet "Da går so da susa!". For det gjer vel det om dagen....! Årets revy ser som vanleg med skråblikk på både lokale, nasjonale og internasjonale hendingar.
På dagsorden står alt frå politikk til desse små kvardagsproblema dei fleste kan kjenne seg igjen i: Overivrige pulsklokker, meir eller mindre harmoniske relasjonar, ekspertar i kommentarfelta og uønska hårvekst - alt pakka inn i elleville revynummer og fengande musikk.
Skussmåla frå framsyninga er gode:
«Vel to timar inkludert pause med trøkk og flyt, med rå humor og alvor i same bøtta. Kort sagt Bygstadrevy av godt merke» Kulturmeldar Hans Jakob Reite
«Publikum fekk to timar strålande underhaldning» Firda
Kort sagt: Bygstadrevyen byr på både trimming av lattermusklane, litt alvor, kvalitetsmusikk – og max underholdning!
