Caught Stealing
Om filmen
Tittel: Caught Stealing
Premiere: 2025-08-29
Varighet: 1t 42min
Sjanger: Thriller
Aldersgrense: 15
Originalspråk: USA
Regissør: Darren Aronofsky
Caught Stealing er regissert av Oscar®-nominerte Darren Aronofsky, med manus av Charlie Huston, basert på hans eigen roman med same namn.
Hank Thompson (Austin Butler) var stjerna på baseball-laget på skulen som måtte gje opp karrieren, men livet går no likevel ganske bra. Han har ein flott kjærast (Zoë Kravitz), jobbar som bartender på ein brun pub i New York, og favorittlaget hans gjer eit overraskande opprykk i kampen om meisterskapstittelen. Når den punkrock-elskande naboen hans, Russ (Matt Smith), ber han passe katten hans i nokre dagar, hamnar Hank brått midt i ein tvilsam gangstergjeng. Alle er ute etter han – problemet er berre at han ikkje anar kvifor. Medan Hank kjempar for å sleppe unna, må han bruke alt han har av kløkt og mot for å halde seg i live – lenge nok til å finne ut kva som eigentleg foregår…