Den ville roboten

Om filmen

Originaltittel: The Wild Robot

Premiere: 2024-09-20

Varighet: 1t 41min

Sjanger: Familiefilm, Animasjon

Aldersgrense: 6

Originalspråk: USA

Regissør: Chris Sanders

Filmadapsjonen av Peter Brown sin hylla bokserie The Wild Robot.

Roboten Roz hamnar på ei aude øy etter eit skipsforlis, og må tilpasse seg nye omgjevnader. Den framande naturen kan vere brutal, men gradvis opparbeider Roz seg relasjonar til mange skapningar frå dyreriket. Den ville roboten er ei mektig historie om å finne seg sjølv, og sin plass i verda, samt den fascinerande brua mellom natur og teknologi - og det å vere knytt til alt som er levande rundt oss. Filmen er skrive og regissert av Chris Sanders som står bak filmane om Dragetreneren, Croods og Lilo & Stitch. Peter Brown gav ut boka The Wild Robot i 2016, som seinare har vorte til ein bestselgjande trilogi og omsett til mange språk.