Esau og Jakob med Svein Tindberg
Billettar
Om arrangementet
Esau og Jakob er ei av Bibelens mange forteljingar om krig mellom brør. Gjennom historie, eigne opplevingar og heilag tekst fortel Tindberg, med både humor og varme, om dei hardaste konfliktene blant dei som står kvarandre nærast.
Éin mann på ei scene. Eit par krakkar. Og ein fantastisk tekst. Meir treng du ikkje for å lage stort teater.
Den folkekjære skodespelaren Svein Tindberg står saman med regissør Kjetil Bang-Hansen bak fleire av dei store suksessane i norsk teaterhistorie, som: Markusevangeliet, Apostlenes gjerninger, Abrahams barn og Gudspartikkelen, som alle har gått for fulle hus. No er duoen aktuell med framsyninga Esau og Jakob. Der Abrahams barn sluttar, byrjar sjølvsagt historia om Abrahams barnebarn: Esau og Jakob.
Bibeltekstane er urtekstar for både jødedomen, kristendomen og islam, og det er fascinerande at så mykje av denne hjørnesteinen i kulturen vår handlar om konflikt mellom brør. Dette gjeld også for Esau og Jakob. Når mora deira, Rebekka, er gravid, slåst barna inne i magen hennar. Når ho går til Gud for å be om råd, svarar Gud: "To folkeslag er i ditt morsliv. To folk skal skilles før de blir født. Det ene blir sterkere enn det andre, den eldste skal tjene den yngste."
Kimen til konflikt
Dermed er kimen til konflikt lagd og blir utløyst av forskjellsbehandling. I forteljinga om Esau og Jakob kjem dette tydeleg til uttrykk idet faren elskar den eine, og mora elskar den andre. Forskjellsbehandlinga blir til sjalusi, som igjen blir til raseri og hat, og som til slutt kan ende i brordrap.
Esau og Jakob er eit samarbeid mellom Bibelselskapet og Victoria Productions AS.
Foto: Marcel Leliënhof
