Et enkelt liv

Om filmen

Originaltittel: Les Choses Simples

Premiere: 2024-02-09

Varighet: 1t 35min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Original

Regissør: Éric Besnard

Ein ny hjartevarmande film frå regissøren av DÉLICIEUX. Denne gongen er det mat og vennskap på fjellet i fokus. ”En film som går mot strømmen. Det føles godt.” – CNews ”Hjertevarmende” – Cineserie ”Grégory Gadebois og Lambert Wilson er en superb duo” – La Croix ”Fantastiske naturskildringer med fjell og innsjøer” – Le Parisien

Ta ein djup pust og ta ei pause frå kvardagens hektiske kjas og mas! Bli med på ei varm og humoristisk reise og møt Vincent ein kjent suksessfull gründar. Ein dag bryt bilen hans saman på ein fjellveg, han blir stranda og hans hektiske livsstil blir satt på pause. Pierre, som lever isolert frå den urbane verda og har busett seg midt i naturen, kjem han til unnsetning og tilbyr han gjestfridom. Dette er ei varm, morosam og koseleg historie om to framande med ingenting til felles, som blir godt kjent med kvarandre. Spørsmålet er om det innerst inne lever dei liva dei ynskjer å leve? Filmen byr på flotte naturbilete og ei klassisk forteljing som definitivt vil få deg til å trekkje på smilebandet. Det er både ein vakker film i all sin visualitet, men også i skildringa av dei hjartevarme karakterane.