F1 ® The Movie

Billettar

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: F1

Premiere: 2025-06-25

Varighet: 2t 35min

Sjanger: Thriller, Drama, Action

Aldersgrense: 9

Originalspråk: USA

Regissør: Joseph Kosinski

Møt Formel 1-laget APXGP. Sonny Hayes og Joshua Pearce. F1 kjem på kino i juni.

Frå Apple Original Films og filmskaparane bak «Top Gun: Maverick» kjem den actionfylte spelefilmen F1®, med Brad Pitt i hovudrolla og regissert av Joseph Kosinski. Filmen er produsert av Jerry Bruckheimer, Kosinski, den kjende Formel 1®-føraren Lewis Hamilton, Pitt, Jeremy Kleiner, Dede Gardner og Chad Oman. Sonny Hayes (Brad Pitt) var eit av dei mest lovande talenta i Formel 1® på 1990-talet, men etter ein spektakulært krasj, blir han no omtala som «den største som aldri blei noko». Tretti år seinare lever han eit nomadisk liv som innleigd sjåfør, då han blir kontakta av sin tidlegare lagkamerat Ruben Cervantes (Javier Bardem). Cervantes eig eit F1®-lag som står på randa av samanbrot. Han overtalar Sonny til å vende tilbake til F1®-sirkuset for ein siste sjanse til å bli verdas beste – og samtidig redde laget hans. Planen er at han skal køyre saman med Joshua Pearce (Damson Idris), lagets unge stjerneskot, som vil gjere alt på sin eigen måte. Medan motorane brølar, innhentar fortida Sonny, og han forstår at i F1® er lagkameraten din òg den sterkaste konkurrenten – samstundes som ein ikkje kjem i mål åleine. F1® har òg med Kerry Condon, Tobias Menzies og Kim Bodnia på rollelista, og er spelt inn under ekte Grand Prix-løp, der APXGP konkurrerte mot verkelege F1®-stjerner. Kosinski regisserer etter eit manus av Ehren Kruger. Filmen er eksekutivprodusert av Daniel Lupi. Kosinskis kreative team bak kamera omfattar filmfotograf Claudio Miranda, produksjonsdesignarane Mark Tildesley og Ben Munro, klippar Stephen Mirrione, kostymedesignar Julian Day, ansvarleg for rollesetjing Lucy Bevan og komponist Hans Zimmer. Apple Original Films presenterer ein Monolith Pictures- / Jerry Bruckheimer- / Plan B Entertainment- / Dawn Apollo Films-produksjon, ein film av Joseph Kosinski. F1® blir distribuert av Warner Bros. Discovery og kjem på kinoar over heile landet denne sommaren.