”From Pipers to Bells - the Best of Pink Floyd", med A Saucerful of Secrets

Om arrangementet

A Saucerful of Secrets inviterer deg til ei episk reise i Pink Floyd sin verden – bli med "From Pipers to Bells." 
 
A Saucerful of Secrets, Noregs fremste Pink Floyd-hyllestband, inviterer deg til ei musikalsk reise som tek deg gjennom det legendariske Pink Floyd-universet. I deira nye show, "From Pipers to Bells," får publikum både gjen opplev Pink Floyds største hits, samstundes som dei utforskar dei djupare delane av katalogen som få andre våger å tolke. 
Dette er ei unik oppleving som berre eit band med stor "B" kan levere. 
 
Med ein lidenskap for Pink Floyds musikk som er eineståande, bringer A Saucerful of Secrets kvar einaste tone og tekst til liv på scenen. Dette er ikkje berre ein hyllest, det er ei oppleving! Bandet tek deg med på ei reise gjennom Pink Floyds tidlege dagar, frå "The Piper at the Gates of Dawn" til meisterverket "The Division Bell." 
 
Bandet viser til gangs i dette showet at dei meistrar Pink Floyds unike lydlandskap. Du vil oppleve det svevande, psykedeliske lydbildet, dei kjensleladde vokalane og den atmosfæren som Pink Floyd var kjend for. 
Men viktigast av alt, bandet legg sin eigen lidenskap og sjel inn i kvar einaste tone dei speler, og det merkast. 
 
Dette er ein konsert for dei som set pris på ekte musikalsk meisterskap og lidenskapen bak kvar note. "From Pipers to Bells" er ei moglegheit til å fordjupe deg i Pink Floyds musikalske univers. 
 
Ikkje gå glipp av denne sjansen til å bli med på reisa med A Saucerful of Secrets!