Gaucho Gaucho

Om filmen

Originaltittel: Gaucho Gaucho

Premiere: 2025-09-12

Varighet: 1t 25min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 15 år

Originalspråk: USA, Argentina

Regissør: Michael Dweck, Gregory Kershaw

Filmen er ei kjærleikserklæring til dei argentinske pampasane og dei tidlause verdiane som følgjer med eit liv i harmoni med naturen. Samstundes "Gaucho Gaucho" spørsmål ved kva som går tapt når den moderne verda kryp stadig nærmare, og korleis ein livsstil så tett knytta til naturen kan overleve i ei tid prega av urbanisering og teknologi.

Bli med inn i det tradisjonsrike lokalsamfunnet til argentinske cowboys og cowgirls, kjent som gauchoene. Dei lever framleis på hesteryggen i grenseland mot den moderne verda. I denne hybriddokumentaren vert ein rik kulturarv og eit utdøyande levesett på landsbygda hylla med klassiske og stiliserte spelefilmgrep. Det nordvestlege Argentina har eit vilt landskap av utstrekte sletter, kvite fjelltoppar og nådelaust buskterreng. Her finn vi det bankande hjarte av Gaucho-kulturen. Dette er i dag ville vesten i Argentina, der tida framleis står stille og generasjonar med gauchoer lever som dei alltid har gjort; av kveget og landet. I dette portrettet møter vi fleire fargerike maté-drikkande cowboytypar på hesteryggen. Vi får eit eksklusivt innsyn i familieliv der tradisjonane går fra generasjon til generasjon. Bygdelivet vert skildra i ei særeigen blanding av observerande realisme og kontrastfylt svart/kvitt -foto. Scenene i filmen er slåande vakre, og karakterane vi møter er stolte, steile og opptekne av å leve i pakt med dyra, naturen og vere tru mot seg sjølv. Det er lett å gløyme at dette er ein dokumentarfilm! Michael Dweck og Gregory Kershaw er ein amerikansk regissør-duo som tidlegare har stått bak filmar som utforskar nærmiljø som ikkje tidlegare er blitt vist mykje på film; som i «Trøffeljegerne fra Piemonte» som var ein stor suksess på kino