GLORIA! - MIRAKLET I VENETO
Om filmen
Originaltittel: GLORIA!
Premiere: 2024-10-25
Varighet: 1t 46min
Sjanger: Komedie, Drama
Aldersgrense: A
Originalspråk: Italia
Regissør: Margherita Vicario
Visste du at popmusikken oppstod i Italia i år 1800? GLORIA! er ein kvinnefilm i ordets beste betydning, med oppfinnsame og fantasirike kvinnelege musikarar - medan mennene i denne leikne komedien verkar som karikert høgst underlegne, både i mangel på talent, så vel som å utvise rådsnarheit. GLORIA! er ein hyllest til alle talentfulle kvinner som komponerte musikk i tidlegare hundreår og som aldri fekk den same anerkjenning som dei mannlege kollegaer fekk.
Handlinga i denne feel-good-filmen går føre seg i år 1800 på musikkinstituttet Sant’Ignazio for foreldrelause jenter utanfor Venezia. Kapellmeisteren skal ta imot den ferske Pave Pius VII, men er nervøs for konserten. Han har fått i oppdrag å framføre eit sjølvkomponert verk, men slit med skrive- og notesperre. Den stumme tenestejenta Teresa blir oversett av alle, men det bur meir i ho enn nokon kunne ane. Ho har ei evne til å lage nye taktar av lydar som ho er omgjeven av til dagleg. I tillegg til at ho ber på fleire løyndommar, oppdagar ho at instituttet har fått ei gåve, eit nymotens instrument som er stua vekk i kjellaren. Dette boltrar ho seg på ved å spele i skjul. Filmen si handling byggjer opp til Pave Pius VII sitt besøk, som byr på ei stor overrasking – for kapellmeisteren og publikum – so vel som paven sjølv!