Henning Kvitnes & Gutta i bandet
Billettar
Om arrangementet
Henning Kvitnes & Gutta i bandet.
«Mens jeg ennå er 66» -
Førdehuset Storsalen Torsdag 30.oktober 2025
«Det går kort tid mellom ung og lovande – og levande legende»
Om dette utsegn kan brukast på Henning er usikkert, men etter 47 år på vegen, og mange album, turnear, konsertar, og sjølvskrivne songar, så har han i alle fall ein klar midtbane-rolle på Old-Boys-laget til Norske Sangpoeter.
Mange av songane, som «Evig eies», «Sånne som oss», «Guttær», «Ut å vekke sola», «Siste Reis» med fleire, har blitt folkeeige mellom fleire generasjonar, og blir sunge av mange til bryllaup, fest og begravelse. Og i dusjen.
Med nytt album under vesten, reiser Henning & Gutta ut på ein omfattande vår og haust-turne i 2025 – og både album og turne har blitt kalla «Mens jeg ennå er 66». Etter songen med same tittel, som allereie kjem ut 13.mai 2024 – på dagen til inntredelsen av dette «song-omsuste» året!
Haustdelen får «Ekstraomgangar» bak seg i tittelen, då han passerer 67 i mai 25, men konsertane har kome til pga. stor etterspørsel, og albumet vil heite det same uansett.
Musikalsk på scena møter vi ein Artist og eit Band som vågar å gå inn i djupna av både nye og eldre songar. Gjev dei den respekten og energien dei fortenar og lar også det lågmælte og akustiske få ein nødvendig plass i konserten. Tekstane må også få lov til å være i fokus for å tydeleggjere Henning sitt vesle univers. For å glede og gjerne bevege eit sitjande og lyttande publikum.
Men, det blir også plass til rockefot, allsong og frieri. Melankoli og smilefjes med sveittande panner i skjønn foreining.
«Utan publikum stoppar musikken»
Billettar leggast ut for sal måndag 13.mai 2024 kl.09.00
På scena:
Henning Kvitnes: Song og gitar
Jon-Willy Rydningen: Piano og andre tangentar
Finn Tore Tokle: bass og kor
Tor Hauge: Trommer
Eivind Ystrøm Petersen: Gitarar, pedal steel, kor m.m.
Håvar Bendiksen: Gitarar og andre strenger, kor
Mats Raknerud er vikar for Håvar på enkelte jobbar
Følg Henning på:
Facebook Instagram
- Fjordane Musikkforum -