D.D.E - GRAITEST HITS

Om arrangementet

Billettar i sal frå fredag 1. mars kl. 10.00
 
Velkommen til 90 minutt med trivsel, allsong og gode historier!
D.D.E. - GRAITEST HITS er ein konsert med eit breitt utval av bandet sine kjende og kjære låtar, servert i tospann med historier frå starten og over 30 år på vegen!
I over 30 år har D.D.E. laga låtar, spelt og underheldt det norske folk. Tre-fire generasjonar har sunge med, dansa, ledd og grine. I heimen, i bilen, i båten, på hytta, og ikkje minst på festivalar og på festlokalet.
No legg folkefavorittane for første gong ut på ein landsdekkande kulturhusturné, der ikkje berre hitlåtane, men også nokre av dei litt mindre spelte perlene frå katalogen får skine.
Kulturhuskonserten «D.D.E. – GRAITEST HITS» handlar sjølvsagt først og fremst om låtane, men sentral er òg Frode sin gamle amerikakoffert. Ut av den blir det henta minne og historier, frå turnébussen og øvingslokalet. Det handlar om starten, om å skape og ville noko, møte med fans, og ikkje minst ein god porsjon røvarhistorier.