Høyt og lavt - en statusrapport fra Norges rikeste land

Om arrangementet

HØYT OG LAVT – EN STATUSRAPPORT FRA NORGES RIKESTE LAND

Med BAdesKen og Rune Nilson

Rune Nilson og Ken André Ottesen (BAdesKen) har slått seg saman for å fortelje deg korleis det eigentleg står til i Noregs rikaste land. Den eine har begeistra radiolyttarar og TV-sjåarar med uforgløymelege karakterar og dialektar. Den andre har reist land og strand rundt og hausta latterkuler på scener både høgt og lågt i det langstrekte landet vårt. Samstundes har han regjert på sosiale medium med lun humor frå lokalavisene. Felles for dei begge er at dei elskar Noreg. På godt. Og litt på vondt.

Ken André Ottesen/BAdesKen er totningen og avismannen som fekk utløp for interessa si for lokalnyheiter på Instagram. Han har ei av dei største følgjarskarane i Noreg i sosiale medium, og dei får dagleg små gulldrypp frå alt som rører seg i heile det fantastiske landet vårt. I over to år har han turnert med showet «Ja, vi elsker dette landet».

Rune Nilson er mannen bak ei stemme du heilt sikkert har høyrt før. Han har leia nokre av dei største radiosuksessane i Noreg dei siste åra, mellom anna Lønsj, Kolafei og Landsmøte på P1. I tillegg har han leia både Sommeråpent og Ikke gjør dette hjemme på NRK1. Gjennom kontakt med lyttarane har han lært meir enn gjennomsnittet om den norske folkesjela – i tillegg til at han er heilt rå på norske dialektar