Klæbo
Billettar
Billetter blir lagt ut i god tid før premieren
Om filmen
Originaltittel: Klæbo
Premiere: 2025-11-14
Varighet: 0t 0min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: A
Originalspråk: Norge
Klæbo tek deg med bak kulissane i ein intens og personleg dokumentar om Johannes Høsflot Klæbo si jakt for å nå toppen. Dette er ikkje berre ein film for sportsinteresserte – det er ei historie om vilje, motgang og menneskeleg styrke, fortalt rått ærleg og med visuelt storslagent driv.
Langrennshelten Johannes Høsflot Klæbo inntek kinolerretet i ein ærleg og nær dokumentar om den mest krevjande sesongen hans nokon gong. Med VM på heimebane som det store målet, får publikum eksklusiv tilgang til historier me aldri har høyrt før – og sider av Klæbo som tidlegare har vore skjult. Filmen skildrar meir enn idrett: Det er ei personleg reise gjennom sjukdom, skader, mediepress og eigne forventningar, der Klæbo finn styrke i menneska rundt seg. Gjennom spektakulære vinterbilete og innsikt bak kulissane følgjer me kampen mot klokka, konkurrentane og seg sjølv. Klæbo er ei historie om motstand, meistring og mental styrke – og om å jakte siger der det betyr aller mest.
