Opera Nordfjord - Miljøoperaen BLÅ
Billettar
Om arrangementet
Miljøoperaen Blå
Ein ny, nordisk kammeropera om klima og kjærleik!
Det er ikkje kvarsdagskost å lage opera i samarbeid med andre land, eller med klimafakultet og utanlandske masterstudentar.
I 2025 skjer begge deler, når Opera Nordfjord i samarbeid med produksjonsselskapet SAUM i København og Høgskulen på Vestlandet ved masterprogrammet Climate Change Management legg krefter, evner og ressursar saman i eit spennande miljø- og kultursamarbeid utan sidestykke. Ved å kombinere undervisning på dei vidaregåande skulane med operakunst, norsk litteratur, forsking, vitskap og miljøkamp, kan store ting skje.
Framsyningane vert etterfølgt av spennande debattar leia av mastersudentar frå fleire land. Etter premiere i København i mai blir det noregspremiere 2. september i Operahuset Nordfjord, etterfølgt av ein skulekonsertturné til utvalde vidaregåande skular og kveldsforestillingar til øvrig publikum til og med 12. september.
BLÅ – Maja Lunde sin bestseljar som musikkdramatisk fortelling, i notid og framtid, med lengsel, vreide, kjærleik og håp. For unge og vaksne.
Dramatikar Jesper B Karlsen om historia:
BLÅ er ein fantastisk roman om VANN og om klimaforandringar, skriven av norske Maja Lunde. Den er plott-driven og elementær spennande, nesten thriller-aktig og med gode dramatiske karakterar, som verkeleg vil noko.
I ei historie, som akkurat no ikkje berre er aktuell, men som heng over oss som ei øks – nemleg klima-krisa.
Men der klima-krisa kan kjennast diffus og vanskeleg å gjere om til konkret, spennande dramatikk, så er BLÅ ei ganske så konkret historie med levande og lidande menneske, som brenn i kraft av deira konkrete forhold både til kvarandre og til det overorda. Vi har i årevis leita etter ei historie, som kunne nettop dét! Forholdsvis få karakterar, så plottet er akkurat så konsentrert, som det skal være i ein opera eller eit stykke musikdramatikk.
Dessutan kan BLÅ nesten gjennomførast med teateret sin eigenart, og den samme staden i begge tidene, for den foregår det meste av tiden på ein båt, som på den måten blir eit fleirtydig og nyansert symbol på våre lengslar og kanskje vår redning.
Det er to spor i historia, to tider – 2017 og 2047 – ei dobbeltfortelling som er vakkert skildra om høvesvis tida opp til den lurande katastrofa og tida etter (om ca. 30 år).
HANDLING
Signe er rasande. Ho har heile sitt einsmme liv vore miljø- og klimaaktivist og kompromisslaust forsøkt å redde planeten frå den nært foreståande katastrofa. No er ho på veg i sin seglbåt, BLÅ, mot Sør-Europa for å ta eit desperat oppgjer og hemne seg på han, som engong var hennar livs kjærleik, pragmatikaren Magnus. Han har byrja å utvinne 1000 år gammal is frå deira heimlege isbre, så rike menneske kan få eksklusiv is i drinkane sine – og no skal det grådige menneskedyr døy, har Signe bestemt.
Midt i ein veldig storm i Nordsøen får Signe, i sin hallusinerande draum, besøk av ei jente frå framtida, Lou, som minner Signe om det barnet ho aldri sjølv fekk med Magnus. No gjenopplever Signe heile hennar og Magnus sin eksplosive kjærleikshistorie, der dei krangla med kvarandre om ein skal kjempe uansett omkostningane – eller berre prøve å elske og leve eit godt og rolig liv. Magnus og Signe kjempa ein heroisk kamp mot utbyttinga av naturen. Men til slutt var dei to altfor forskellige menneske. Den innbitte idealisten Signe ville ikkje finne seg i pragmatikaren Magnus sine kompromissar. Deira kjærleik døyr med aborten, som Signe i raseri får utført på deira felles born, då Magnus sviktar både henne og kampen for å redde kloden.
I eit anna spor av historia, 50 år fram i tid, følgjer vi David og hans dotter, Lou.
David og Lou flakkar om som klimaflyktningar etter at ei brannkatastrofe har oppslukt heimbyen deira. Dei leitar desperat etter David si kone, mor til Lou, og den lille sønnen August. Samstundes prøver dei å overleve i skuggen av den krigen som har brote ut om dei sparsomme vannressursane. Vi følgjer far og dotter mot nord, gjennom eit avfolka Sør-Europa, mot ferskvann, medan dei desperat leitar etter den forsvunne halvdelen av den lille familien – leitar etter eit skjørt håp for framtida.
Men BLÅ sluttar ope og kanskje likefram håpefullt: Signe slår ikkje Magnus ihel; kjærleiken og deira felles desperasjon i møtet vinn – og isen frå isbreen i Signe si heimbygd blir til ferskvann, som blir til eit håp for borna i vår framtid, Lou og hennar far og deira reise på båten BLÅ inn i ei framtid – der langt ute på havet.
TEMA
Klimakrisa er over oss, i oss, ikring oss – og dei fleste av oss vekslar mellom fortrengning, avmagt, fornekting og neglisjering – rekordvarme, flaum og tørke – Maja Lunde sitt framtidsscenario, skildra for berre få år sidan, har rykt skremmande mykje nærmare.
Korleis kan vi forhalde oss til dette? Leve våre liv? Og korleis kan kunsten forhalde seg, – og i beste fall hjelpe oss med å leve våre liv, og med opne auge sjå på og saman reflektere over den vanskelege røyndomen vi står i – og kanskje finne vegen ut av vonløysa?
Moralisering hjelper ikkje, verken i kunsten eller i den gode samtalen. Vi kan heller starte med gode spørsmål, eit ope sinn, ekte nysgjerrigheit og store øyre! Det kan vi ta med inn i vår prosess med å skape ein ny opera om klimakrise – og kjærleik!
BLÅ er ei fortelling full av paradoks, det finst ingen enkle, klare løysingar. Vi møter levande, kjempande menneske med ambivalens og ei djup lengt, som vi kjenner frå oss sjølve.
Signe sin kamp mellom kompromisslaus idealisme og den store einsemda og hardheita det har ført med seg – og den djupe lengta etter ubetinga kjærleik, omsorg og hengiving, den kan vi kjenne oss igjen i. Slik David sine famlande, avmektige skritt inn i eit altfor brutalt vaksenliv og foreldreskap.
LOU finst òg - barnet; gudskjelov for LOU! Med henne får håpet plass i vår fortelling – for håpe, det må og skal vi, særlig når vi lager forestillingar for born og unge. Dei skal sleppe ei fortelling, der dei igen igjen skal ”frelse dei gamle idiotar ”– nei, håpet oppstår i møtet, der vi er saman i kamp og kjærleik!
Tida vi er i kallar på samarbeid, òg mellom kunsten og vitskapen.
Opera Nordfjord og SAUM innleia hausten 2024 eit samarbeid med masterstudiet Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet, om å skape eit vitenformidlings- og dialogspor knytt til forestillinga. Med våre visningar for elevar ved dei vidaregåande skulane blir det laga eit eige opplegg AV unge FOR unge, som inkluderer spennande paneldebattar etter framsyingane. Vi rettar ein stor takk til rektor Gunnar Yttri og Instituttleiar Tarald Seldal or dette spennande og veldig meiningsfulle samarbeidet med studiet sine masterstudentar.
KREDITERING
Kunstnarisk team:
Idé og utvikling: Ingeborg Fangel Mo
Librettist: Jesper B. Karlsen
Dramaturg: Oda Radoor
Komponist: Hugi Gudmundsson
Scenograf: Signe Krogh
Instruktør: Kasper Sejersen
Lysdesignar: Michael Breiner
Lysteknikk: Ovar Holmen
Medverkande på scena:
Signe: Ingeborg Fangel Mo
Magnus: Magnus Berg
David: Martin August Tornqvist
LOU: Dokke/ Lene Hummelshøj
Accordion: Frode Andersen/ Kristian Skov Hansen
Klarinett: Anna Klett
Slagverk: Matias Seibæk
Produsentar:
Opera Nordfjord og Musikteatret SAUM
Samarbeidspartnarar:
Den fynske Opera, CPH operafestival, Teaterøen, Høgskulen på
Vestlandet.
PRAKTISK INFO
Dansk premiere d 22/5 2025 på Den fynske Opera.
Meir info følgjer om dansk turné
Norsk premiere i Operahuset Nordfjord 2/9 2025.
Meir info følgjer om øvrige spelestader på den norske turnéen.
Forestillinga spelast på dansk i Danmark og på norsk i Noreg!
Varigheit: 70 minutt