Se meg

Billettar

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: Se meg

Premiere: 2025-10-31

Varighet: 1t 48min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Norge

Regissør: Nina Knag

Ein sitrande dramathriller, med Pia Tjelta, Kristoffer Joner og Tarek Zayat i hovudrollane

Eva, busatt i ei lita vestlandsbygd vert satt på si livs prøve når ho forelskar seg i ein ung asylsøkjar. Dei to innleiar eit ulovleg forhold som viser seg å få enorme konsekvensar for dei begge. Eva går frå tryggheit og ekteskapeleg kjedsommelegheit til å oppleve lidenskap i møte med den unge poeten Amir, for så å møte veggen i ei djup personleg krise når tilveret raknar. Vi bevegar oss i gråsonane mellom naivitet og utnytting, makt og avmakt, kor sympatien stadig skiftar i denne gripande forteljinga om forboden kjærleik og uuttalt begjær, der jakta på lidenskap fører til øydeleggande konsekvensar for alle involverte Endeleg, for første gang sida Mongoland i 2001, møtar vi Pia Tjelta og Kristoffer Joner saman på lerretet att! Med seg har dei bl.a danske Tarek Zayat og Kathrine Thorborg Johansen. Den debuterande regissøren Nina Knag har også skreve manuset saman med Kathrine Valen Zeiner.