Sivert Høyem med band

Om arrangementet

Sivert Høyem tek hausten tilbake
Dette veit vi: Hausten skal igjen gjere kveldane mørke, og det vil kjennast godt å krype inn i Førdehuset og varme seg på Sivert Høyems mektige stemme og sterke låtar. Sivert Høyem er ein av norsk musikks fremste formidlarar, og i år legg han ut på haustturné med sitt fabelaktige band, som bidreg til at kvar konsert blir opplevd som nokoheilt ekstraordinært.

Med seg har dei låtar frå Høyems to nyaste og svært kritikarroste album: On an Island, frå 2024 – fødd i det vêrbitte menighetshuset Zoar, omgitt av hav og vind i Nyksund, og Dancing Headlights frå 2025 – ei meir elektrisk affære, som ber med seg lyden av natt og neonlys.
Låtkatalogen til Høyem rommar både stilla og stormen. Frå lågmelte, nakne songar du knapt torer puste i til dei som slår eksplosive gnistar mot mørkret, boren fram av eit band som maktar å fange opp kvar einaste kjensle og nerve.

I konsertsettet blir dei nye låtane fletta saumlaust saman med eldre perler som «Moon Landing», «Into the Sea» og «Prisoner of the Road», samt ikoniske Madrugada- klassikarar som «Majesty». Her finst ingen dødpunkter, berre essens – formidla av ein artist som lever i kvart sekund av det han syng.

Vi kan ikkje tenkje oss ein betre vegvisar inn i haustmørkret enn Høyem og hans musikalske kumpanar, og den skattkista av ein låtkatalog som dei har med seg på vegen.

Skrive om Høyems nyaste album:
«For en stemme! Rett fra hjertet og ut av høyttalerne» –
Aftenposten
«Ustoppelige Sivert slår til igjen» –
Avisa Nordland
«Det nye albumet har større tempo og intensitet [...] en lett gjenkjennelig Sivert
Høyem vi møter igjen» –
Dagsavisen

Denne kvelden kler vi hallen inn i mørke tepper og den blir forvandla frå idrettshall til konserthall og vi får ei lun stemning som passar Sivert Høyem si stemme perfekt.  For dei som ønskjer sitje, blir det sett opp tribune bakerst i lokalet. Det blir barservering, og DJ spelar både før og etter konserten til kl. 24.00.

Aldersgrense 18 år 

Verjeskjema:
Vil du ta med deg nokon under 18 år? Fyll ut "verjeskjema"
Du må vere over 28 år og den du vil ta med deg vere over 13 år. Ta kontakt med mai.kristin.tidemansen@sunnfjord.kommune.no for å få tilsendt skjema.