Todd & Super-Stella

Om filmen

Originaltittel: Todd & Super-Stella

Premiere: 2024-10-25

Varighet: 1t 21min

Sjanger: Familiefilm

Aldersgrense: A

Originalspråk: Norge

Regissør: Mari Monrad Vistven

Todd & Super-Stella er ei sann historie om det å vere sysken og alt ein må lære seg for å bli større. Stella irriterer seg over alt storebror Todd greier. Todd drøymer om å selge Stella.

Stella er lei av å vere minst og yngst, og mislikar alt ho ikkje kan, som å lære å lese, og køyre slalåm. Og ho likar ikkje ting som gjer vondt, som lause tenner og store sprøyter. I tillegg har Stella ein livleg fantasi, som kvernar ut fæle bilete av det ho gruer seg til. Det er irriterande at storebror Todd greier alt Stella ikkje kan, og alltid vil konkurrere. Men, det er ikkje lett å vere størst og eldst, heller. Todd tør ikkje stupe, og spring saktast av alle i klassen. Difor elskar han å vinne over Stella. Men, gleda er kortvarig, for dei byrjar alltid å krangle. Og Todd får skulda. Nokre gonger kunne han ynskje dei kunne selge Stella. Filmen følgjer syskenparet over fem år, frå Todd byrjar på skulen, til Stella går i 3. klasse. Det er ein berg- og dalbane av kjensler og hindringar som dei må overvinne. Filmen gjev eit humoristisk og ærleg innblikk i ein oppvekst fylt av kranglar, kjærleik og mislykka skiturar.