Twisters

Om filmen

Originaltittel: Twisters

Premiere: 2024-07-12

Varighet: 2t 2min

Sjanger: Action, Thriller, Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Original

Regissør: Lee Isaac Chung

I sommar kjem ein ny, episk katastrofefilm, ei adrenalinpumpande og spanande kinooppleving som set deg i sentrum for ei av dei mest fascinerande og øydeleggjande kreftene i naturen.

Frå produsentane av «Jurassic»-, «Bourne»- og «Indiana Jones»-seriane kjem «Twisters», ein moderne kompanjong til 1996-storfilmen «Twister». Golden Globe-nominerte Daisy Edgar-Jones («Normal People») og Glen Powell («Anyone But You») spelar motstykkjer som må bli einige for å føreseie, og mogleg temme, den enorme krafta i tornadoar. «Twisters» er regissert av den Oscar-nominerte manusforfattaren og regissøren bak «Minari», Lee Isaac Chung. Daisy Edgar-Jones spelar hovudrolla som Kate Cooper, ein tidlegare stormjagar heimsøkt av eit øydeleggjande møte med ein tornado, som no studerer stormmønster trygt plassert bak skjermar i New York. Ho blir likevel lokka attende til dei opne slettene av kompisen Javi, for å teste eit banebrytande nytt sporingssystem. Der møter ho Tyler Owens (Glen Powell), ei sjarmerande og hensynslaus SoMe-stjerne som lever av å poste dei stormjagande eventyra han opplever med gjengen sin – jo farlegare, jo betre. Etter kvart som stormsesongen aukar i styrke, blir det utløyst skremmande fenomen ulikt alt ein har sett før. Kate, Tyler og mannskapet deira befinn seg brått midt i banen til fleire stormsystem på veg mot eit felles smeltepunkt i Oklahoma, og dei må kjempe sitt livs kamp for å sleppe unna. I «Twisters» møter du også Golden Globe-nominerte Anthony Ramos («In the Heights») som Javi, David Corenswet (den nye Superman!), Brandon Perea («Nope»), Sasha Lane («American Honey»), Daryl McCormack («Peaky Blinders»), Kiernan Shipka («Chilling Adventures of Sabrina») og Golden Globe-vinnar Maura Tierney («Akutten»). «Twisters», frå Amblin Entertainment, er produsert av Oscar-nominerte Frank Marshall («Indiana Jones»-serien) og Patrick Crowley («Bourne»-serien). Manuset er skrive av Mark L. Smith, medforfattar av den Oscar-nominerte «The Revenant». «Twisters» blir distribuert av Universal Pictures i Nord-Amerika, og av Warner Bros. Pictures i resten av verda. Den får norsk premiere 19. juli.