Ustoppelig

Om filmen

Originaltittel: Ustoppelig

Premiere: 2026-02-04

Varighet: 1t 25min

Sjanger: Familiefilm, Barnefilm, Animasjon

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Norge

Regissør: Martin Lund

Frå produsentane av Tre nøtter til Askepott kjem USTOPPELIG, ein actionfylt storfilm med dei minste heltane du nokon gong har sett!

Kaja er ei ustoppeleg lita celle som bur i nyra til ti år gamle Erik. Ho er nysgjerrig og modig, men har eit stort problem: ho greier ikkje å dele seg som alle dei andre cellene. Kaja er ei udeleleg og – i eigne auge – udugeleg celle. Men ho nektar å gje opp og legg ut på ei farleg og fantastisk reise gjennom kroppen for å lære å dele seg. På vegen møter ho general Abel, send ut for å bekjempe celler som spreier seg ukontrollert. Mot alle odds oppstår eit uventa venskap mellom dei. Når Kaja forstår at kroppen til Erik er alvorleg sjuk, må ho ta eit val: Skal ho halde fram jakta på eigen lykke eller gje alt for å redde Erik? USTOPPELIG er eit ugløymeleg eventyr fylt med håp, humor og hjartevarme. Ein film om verdien av å stå saman, uansett kva som prøver å stoppe oss.